Kom å sjå vår nye utstilling på Holsen skule. Etter mykje kreativt arbeid frå store og små elevar har vi sett saman ei ny utstilling i trappa. Ta gjerne turen innom å sjå kva elevane har laga.
Så er den siste skuledagen her og elevane går snart heim til juleferie. Barnehagebarna vert her nokre dagar til. Vi har hatt ei fin førjulstid både i barnehagen og på skulen. Det har vore mange høgdepunkt denne månaden.
Tradisjonen tru har vi hatt juleverkstad på skulen også i denne førjulstida. Det var mange forventningsfulle barn som trappa opp på skulen siste måndag før jul spente på kva vi skulle lage.
På måndag hadde skulen og barnehagen nissegraut. Vi kom til eit flott dekka bord og god graut. Mykje av spenninga var nok kven som fekk mandelen og om nissen kom til å dukke opp.
Siste dag før jul samlast alle på Holsen skule og barnehage og har ei felles juleavslutting. Første del av avsluttinga er program og så avsluttar vi med gang rundt juletreet.
Julestria er godt i gong på skulen, og 1. og 2. klasse baka flotte julekaker. Det var med liv og lyst, og det vart både tacoskjel og snømenn i tillegg til nissar og stjerner.
14.12.11 kl. 13:03
Holsen kyrkje 150 år. Eit lokalhistorisk prosjekt på skulen.
Den 11. desember er kyrkja i Holsen 150 år. Då var det naturleg at det lokalhistoriske temaet dette året vart kyrkja. I samband med jubileet er det laga eit jubileumshefte. Dette har vi brukt som grunnlag for faktakunnskapane om kyrkja.
Den fyrste snøen kom i store mengder og skapte som vanleg stor aktivitet. Elevane let seg ikkje be to gongar og sette i gong og laga snølykt og store snøborger.